Hu hei, kor er det vel friskt og lett oppå heia.

9. nov, 2019

Hu hei, kor er det vel friskt og lett oppå heia, her på heia.
Her leikar kyra i kåte sprett, rundt budeia, her på heia.
Her kan du danse, her kan du le, her kan du slenge deg i lyngen ned
med budeia, her på heia.

Kom opp, kom opp frå den travle by, kom på heia, her på heia.
Om du er sliten av larm og lyd, og er lei a heile greia.
Så kan du vandre i skog og hei og finne kvile langs ein bygdevei,
her på heia, her på heia.

I byen strevar du tung og svett, kom på heia, her på heia.
Om du er deppa, det ekje lett, så er greia kom på heia.
Her hev me lefse med mykje smør, så litt om litt blir du i godt humør,
her på heia, her på heia.

Når dagen mørknar og det blir kveld her på heia, her på heia.
Då sit du inne ved ovn og eld her på heia, her på heia.
Så kan du sovne i fin natur og vakne neste dag til traktordur,
her på heia, beste heia!


Det song forsamlinga av full hals på Bruskelandsstova lørdag 2. november 2019. Venche Vigerstøl hadde omskrive denne kjende sangen til velkomsthelsing til dei om lag femti eldre og unge som hadde møtt opp for å feire 30 års jubileet til Bruskelandsheias Bygdeblad.

Svein Arild Strædet hadde lagt ned eit stort arbeid med å finne fram alle framsidene til kvart einaste Bygdeblad gjennom 30 år. Desse hadde han limt saman til ei samanhengane lenke som blei rulla ut langs veggane i salen. Stova var ikkje stor nok, så det blei overlapping langs vindusveggen. –


Før det, ønska Svein Arild velkommen til alle frammøtte. Deretter bad han Venche halda opp ein rusta kjetting! Nederst var ei stor lenke som symboliserte Bygdebladet. Så kom fleire mindre lenker som skulle vise kor viktig kvar enkel lenke var i den store samanhengen. Først ei lenke med frivillige redaksjons medlemmer som bruker tid og resurser på å skaffe stoff, - så trengs ei lenke med lesere, - abonnenter, - annonsører,- ei lenke må klistre namnemerker, hente og køyre ut bladene i nærmiljøet for å spare porto,- ei lenke må gjera bladet klart til trykkeriet. Eit bygdelag må støtte opp. Sviktar ei av dei små lenkene, stopper det heile opp. Vi er alle ulike, men det er viktig at kvar lenke gjer det som passar den enkelte best. Lenkene i kjettingen viste at kvar for seg er alle lenkene like verdfulle og nødvendige for bladets og Bygdelagets eksistens. –

Birger Arthur Stedal overtok styringa resten av kvelden. Han hadde lykkast i å få tak i ”Siggen” Høyland, kjent frå Lindesnes Trekkspill klubb, og gav han frie tøylar. Siggen fortalte at han var døypt ”Sigbjørn”, men hadde alltid blitt kalla ”Siggen”, og det namnet lika han best. Om noen var i tvil om kven ”Siggen” Høyland var, kunne ein bare seie at det var han som dansa med dronninga under opninga av Spangreid kanalen.. ”Åå- e d han”, ja då visste alle kven det var!

Siggen har orda i si makt, og emnet hans var ”samhold” ,og kor viktig det var i alle samanhangar i livet. Eit døme på samhald var eit minne frå krigen. Han var 4 år. Han låg saman med mor i hennar gode seng. Der var det varmt og trygt i varmen frå mora. Han kjende på det gode og trygge samhaldet med mora. Men då krigen var slutt, steig en framan mann ut or bussen ein dag. Han sa han var far hans! - Og ikkje nok med det; denne framande mannen tok jammen Siggens plass i mor si seng saman med mora! Siggen fekk rett nok ei anna seng for seg sjøl, men for 4-åringen var ”samhaldet” brote. – Først når den framande mannen hadde laga ein fin trebrøyte- plog til Siggen, vart ”samhaldet” oppretta att.
Den eine morsomme historia etter den andre kom som perler på snor. Folk klappa og lo, -lo og klappa, så visst det er sant at ein god latter forlenger livet, så vil alle frammøtte leva lenge.

Formannen i Holum Historielag, Reidar Hommen, kom med fine ord og helsingar til Bygdebladet, og overrekte fleire årshefter av; ”Vår arv” frå Holum Historielag. Så nå er ”samhaldet” oppretta den vegen og!

På storskjermen viste Svein Arild noen bilder han hadde plukka ut frå det 30 år lange livet til Bygdebladet. Der såg vi kor fort tida har gått; mange av småborna på bildene er i dag sjøl vaksne foreldre, og vi som var godt vaksne den gongen hadde merkeleg nok ”eldast” litt! Men der ser vi kor viktig Bygdebladet er for å ta vare på minner, og vise det samhaldet der har vore gjennom åra i Bygdelaget med å stelle til sammenkomster og aktiviteter som alle kan vera med på.

Til slutt spilte Siggen på trekkspill og Venche på fele, først ”Vigelandsvalsen” med futt og fart i kjent Trekkspillklubb stil, og avslutta det heile med ”Fager kveldsol smiler”. Noen ”fager kveldsol” såg vi ikkje noe til då vi kom ut, for der var det snø og rennefokk og isnande vind. Sjøl om noen køyrde på sommerdekk, såg vi ingen biler i grøfta på heimturen, så vi trur alle kom vel heim. -
Det var ei fin og verdig feiring av 30 års jubileet. Bygdelaget treng Bygdebladet, og Bygdebladet treng Bygdelaget, så hvis alle lenkene heng i hop, får vi sjå om det blir nye 10 år med Bygdebladet. –

Del denne siden